lørdag 27. februar 2010

mandag 1. februar 2010

Hund, topptur, ski og mykje anna vinterkos


Vekene her i Alta har gått enomt fort no etter jul. Toppturar på ymse fjell og humpar rundt Alta, særleg på Sarves har det gått mykje i. Den kaldaste toppturen målte me 28 minusgrader ved bussen før me gjekk oppover fjellet. Naturen er streng i nord, men slett ikkje umulig å forhalda seg til om ein kler seg godt. Mange gode opplevlsar har alle disse turane gitt i mørketidslyset. Himmelen er rød og gul, og det kan ikkje bli stort flottare å være ute på vinterfjellet. Sola er i full anmarsj tilbake, men foreløpig har eg berre fått sett den oppe i høgda.






Denne månaden har det gått mykje i hund og aktivitet rundt dei firbeinte vennane våre på tunet. Snørekjøring på ski og sledekjøyring med større spann har vert svært spennande. Tryning og velting på ski og slede kjem ein ikkje utanom, i den samanheng kan fleire av oss avsløre at vatnet i Altaelva held svært få plussgrader i disse dagar.


For ei tid tilbake hadde me også besøk av Marit Holm og nokre av grønnlandshundane.

Samisk kultur og historie er også noko av det me får servert her oppe. Alt frå slakt, joik, handarbeid og samisk mattradisjon blir me offre for.

Mykje kunne vert skreve og nevnt, men meir har eg rett og slett ikkje tid til å fortelje. I morgon får ferda austover inn i dei djupe finske skogane. I vintersportstaden Levi skal me få mendekjøyring av telemark fram til laurdag frå morgon til kveld.

lørdag 2. januar 2010

fredag 25. desember 2009

Nordnorsk julesalme


Eit av minna frå nordnorge vil alltid være denne vakre salma me sang saman med Alta mannskor.

lørdag 5. desember 2009

Russland, Finland og mykje anna...



Den siste månaden har vert såpassa travel og gitt så mange inntrykk og opplevingar at eg rett og slett ikkje har hatt tid til å oppdatere bloggen. Hytteturar, reising, jegerprøve, mange skidagar, kalde netter i telt og farting til Finland og Russland har gjort at vekene har forsvunne alt for fort.



I midten av november var heile skulen til Russland på ei vekes studietur. Dei fyrste dagane vart me inkvarterte i vertsfamiliar to og to hos random familiar i Murmansk. Å komme inn i ein tilfeldig russisk familie er ei stor oppleving som gav mykje lærdom. Russarar flest forstår ikkje eit einaste ord engelsk. Kun ungdomar som veljer å studera språket på vgs og universita klarer å gjere seg forstått. Denne engelskundervisninga vil eg påstå er like god som tyskundervisninga me kan ta på vgs, med andre ord ikkje særleg god. Eg og Marius havna hos ein meir velståande familie med ein gutt på 16 år og foreldra hans. Berre for å ha nevnt det, så var mora profisjonell basketballspelar!


Disse dagane me budde i Murmansk fekk me oppleve Russland frå innsida, noko eg ser i ettertid lærte meg svært mykje. Mange av dei norske fordommane mot russland og folket der viste seg å være svært usanne. Kulturen er ein heilt annan, og kan kort sakt skildrast ved å sei at dei ligger eit par tiår tilbake i tid i forhold til oss her i Norge både når det gjeld økonomi, fasilitetar, klede og spesielt normer i samfunnet. Utenom å sjå oss om i byen besøkte me barneheimar, skular og ein instutisjon for psykisk utviklingshemma.

Etter tre dagar i Murmansk, reiste me til ei lita bygd som heite Lovoserå. Etter middag på ein lite konfortabel kafè vandra me nokre kilometer ut i skogen for å overnatte i soveposane. Russisk turmat, bålkos og ymse aktivitetar gjore kvelden bra. Etter ein russisk havregraut med tyttebær, dill og pølse morgonen etter vandra me tilbake til bygda der me skulle oppsøke litt standar russisk kultur. Kyrkjebesøk og oppvisning av dans, drakter og sang var noko av det me fekk servert i det som dei kalla for kulturhuset.

Turen gjekk viare opp i fjella til vintersportsbyen Kirofsk der booka oss inn på eit typisk russisk hotell, som ikkje akkurat haldt den standaren me er vandt med her i siviliserte vesten. Gamle grafittiteikna murveggar, rotne gangar, muggen lukt, skjeive golv var mellom anna noko hotellet kunne by på. Nokre av elevane var så heldige at dysjen deira var bytta ut med eit stort sirkelforma hol i golvet som førte åpent ned til rommet nedanfor. Ellers fekk me tatt fram telemarksskia og stått to dagar på ski det vesle av annlegget som var åpent. Etter to netter her gjekk ferda viare nordover til Murmansk og Kirkenes der me overnatta ei natt før me kom oss heim til Alta. På vegen fekk mange elevar bada og kost seg på i det kalde vatnet i Bugdøynes, og me var innom eit kongekrabbemottak for å sjå på dei artige krabatane.



Veka etter gjekk turen til Levi i Finland der me sto på ski to dagar. Føret var topp og kvelden vart skjølvsakt brukt til badstu med ymse kalde aktivitetar i snøen.

Vekene etter har gått ufattelig fort. Mørketida gjer dagane svært korte, og dei fleste elvane her ved skulen har mista alt av døgnrytme. Når det er mørk ute nesten heile døgnet, og kun litt skumring i to timar, blir ein slapp og trøtt. Vandreturar og toppturar med stjernehimmel, nordlys, måne og hovudlykt har alikevell vist seg å være svært velsmakande!

Jegerprøven er i boks, det er snart jul og det skal bli godt å komme heim til Hardanger:) Hansa julebrus, heimelaga julekaker, jobb og pinnekjøtt venter!

fredag 23. oktober 2009

Travle tider


Dei siste vekene her på Øytun har vore svært så travle, noko som har gjort til at det har vore lite tid til å sitte på pcen å oppdatere bloggen. Mykje har skjedd, og i korte trekk skal eg prøve å få med det viktigaste.

For ikkje så lenge tilbake var det haustferie, og ein liten tur tilbake til vestlandet sto på programmet. Å forlate nordnoge i ferien, skulle snart vise seg å straffe seg. Å komme seg opp at til Alta er nemlege ikkje så enkelt som ein skulle tru. Ei planlagt mellomlanding på 4 timar i Tromsø vart snart til eit døgn då samtlege av wideroe sine knøttsmå reservefly var i for dårleg stand til å kunne frakte oss over fjella til Alta. Det gjeld å sjå det positivet i det, og eg fekk sett meg om i Tromsø og besøkt Joachim :)

Tilbake i Alta bar det rett på 3-dagarstur med flyt til Altaeidet der me skulle stå på ski. Snøen hadde lagt seg tundt frå fjelltoppane og ned til fjøresteinane. Snøkvaliteten var grei, og me fekk ei god skiopplevelse som du bladt anna kan lese om i friflyt. Tiltross for heftige gnagsår vart dette ein ekstremt bra start på skisesongen!

Her er me på veg opp på den første toppuren for sessongen på Lauvasstind, tidleg om morgonen i soloppgangen.

Dagane etter denne turen har blitt brukt på ymse aktivitear her på skulen. Valgfag og fellesfag har dominert timeplanen, og gjort til at det var vert mykje internatkos. Mykje bra kunne blitt nevnt, men for at dette ikkje skal bli ei heil bok, så stoppar eg her.

Havregraut er kvardagsmat til frukost på våre turar. Denne morgonen var det Marthe som var den uthelldige som måtte krype først ut av soveposen for å servere meg og Ida ein varm frukost.

Eg syns foresten det er veldig kjekt å få post! Takk for alle breva eg har fått, og eg låver å svare alle. Adressa mi er for dei som ikkje veit det: Øytun Folkehøgskole, 9518 Alta

søndag 11. oktober 2009

Har ein drøm..



Har en drøm om å komme hjem
Dit ei framtid ennå bor
Har en drøm om å finne frem
Over ei mørklagt jord
Snart stiger sol et sted i øst
og i natt har ingen gitt deg svar
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Har en drøm om å høre tel
I en hverdag taus og grå
Har en drøm om at alt æ vil
finne en vei å gå
Snart stiger sol et sted i øst
alt vil være som det en gang va
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Et døgn går forbi
Du lever på lånt og kostbar tid
Mens et hjerte slår
og dagan går og går

Har en drøm om et ainna land
og en lengsel øm og stor
Har en drøm som e skrift i sand
Skreven med store ord
Snart stiger sol et sted i øst
Og en verden venter kald og klar
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Snart stiger sol et sted i øst
og i natt har ingen gitt deg svar
Men det finnes ei fattig trøst
Drømmen du alltid bar

Blir godt å komme til nordnorge i morgon.

lørdag 3. oktober 2009

Padletur i Porsangerfjorden


I veka som gjekk var flytklassa på padletur i Porsangerfjorden. Her kjem eit turreferat av mine kjære venna Gunnhild og Guro:

På tirsdag dro flyt til Porsangerfjorden hvor vi skulle padle havkajakk. Værmeldingen for turen var varierende, men heldigvis fikk vi sol den første dagen. Kajakkene surfet gjennom bølgene og vi nøt flott naturlandskap og snø på toppen av fjellene.

Flyt er kjent for å ha med seg mye stæsj når vi er på tur. Maren og Anne var redd for å få for lite mat, dermed kastet de ut fiskesnøret. Det tok ikke lang tid før de fikk napp. Heldigvis for fisken fikk den svømme glad og fornøyd videre!

Etter en flott dag på fjorden, begynte det å blåse opp. Midt på natta hørte vi noen romstere utenfor teltet. Det ene teltet hadde knekt, og de fire jentene som lå der måtte evakuere og presse seg sammen i de resterende teltene.

Dagen derpå var det klar for ny padletur. Vi tilbakela en padlestrekning på 15km forbi små øyer, før vi krysset fjorden. En krevende strekning hvor vi fikk testet og forbedret oss som padlere. I en liten kajakk på stort hav får du opplevelsene på nært hold. Det var stor jubel da vi padlet sammen med en sel og flere niser.

Siste dag var det klatring og fotballspilling oppå fjellet. Klatremus Rake suste opp fjellveggen med to topptau som vi klatret på. Utsikten var fantastisk og det var god stemning.

Vi takker flyt for en fantastisk tur med mye humor og glede. Når alt dette er sagt skal det navnes at vi ikke hadde noen velt, tross utfordrende sjø andre dag.

Tipp topp tommel opp!


Ja dette var absolutt ein flott tur, og eg kunne ikkje oppsumert veka bedre sjølv.

onsdag 23. september 2009

Aleinetur på Reipas


Natt til i dag skulle manndomsprøven på Øytun utførast. Alle flyt og mountaineeringselevane gjekk aleine ut på tur tirsdag føremiddag for å overleve eit døgn aleine i skogen. Sekken var pakka med sovepose, liggeunderlag, mat, litt klede og ein pressening. Nordsida av fjellet Reipas var mitt mål for turen. Etter at gapahuken var oppsett, kom ein elgokse trampande forbi og satt middagsmaten bokstavlig talt fast i halsen på meg. Då mørket fall på kom regnet og vinden for å gjere kvelden enda eit hakk verre. På slike turar lærer ein å sette stor pris på senga si heime. Sidan mørket fell på allereise rundt kl 18 om dagen, vart kvelden lang, og kreativiteten vart stor når det kom til å finne på tidsfordriv.

onsdag 16. september 2009

Hulebuaren Robert



Ein månad har gått her i Alta sidan eg kom opp. Tida har gått alt for fort, men på ein måte virkar det som om eg har vert her i lange tider. Alle dei nye gode vennskapa gir oss ein følelse av at me har kjendt kvarandre lenge, noko få av oss egentlig har gjort. Mestparten av dagane har blitt brukt i skogen, i elva og ved havet. Til no har eg hatt fleire dagar i tørr-og våtdrakt enn i vanlege sofisikerte klede. Den siste tida har vert ein svært travel turperiode. Perioden starta med fototur til Gjesvær ved Nordkapp, der me skulle leike turistar å reise på havsafari. I praksis var dette ein lang og kald båtur langs kysten av nordkapp i høg sjø og flatt lys. Her skulle diverse fuglar og sel bli fotografert.


Mange nysjerrige selar kom fram frå sjøkanten for å få med seg kva som skjedde på overflata.

Fiskeørna var og tilstades ved havet.



Neste tur gjekk til Sørøya der me surfa, kita, besøkte grotter, jakta og gjekk/klatra på tur. Her overnatta me 5 netter inni ei grotte som gav oss god ly for vind og regn.



Nokre bilete av reinsdyra her i nord må eg for all del ikkje gløyme. Å sjå reinsdyr her i Finnmark, er meir vanleg enn å sjå ein sau i Hordaland.


Etter at me hadde skremt vekk ei flokk med reinsdyr, kom denne krabaten springande mot meg og poserte nokre minuttar.

No er Robert trøtt og det er på tide å ta kveld. I morgon ventar Altaelva igjen. Her skal det padlast i to dagar før det endeleg er frihelg :)

søndag 6. september 2009

Elvekajakk i tverrelva

I veka som gjekk var flytklassen i trerrelva for å lære å padle elvekajakk. 18 nervøse og forventrningsfulle elevar såg veldig fram til denne veka. Store og små elevar pressa seg ned i tronge elvekajakar med tørrdrakt, hjelm, flytevest og spruttrekk.




Den fyrste dagen var me lengst oppe i elva og fekk oppleve sklier og mindre dropp. Velting, bading og baklengskjøyring vart eit naturlig resultat av dette. Den andre dagen vart brukt lenger nede i dalen, der elva er svært mykje størr, med store bølger og sterke straumar. Utanom dette vart veka brukt til bålkos, blåbær og vandring.

19 års dag i Alta



Fredag 4. september vokna eg til kaka og sang på senga. Eg var nemlig blitt 19 år gammal. Heile huset hadde kravla seg tidlig opp av senga for å vekke meg med bursdagsang og "kake" med ildsprut. Ein god start god på dagen med andre ord. 8 knall rosa ballongar vart satt fast i handa, og dei måtte eg bære til bursdagsfesten skulle starta kl. 20:00 på Haldde, dvs huset eg bur i. Mine kjære samboara ville være 100% sikkre på at absolutt alle skulle få med seg kven som hadde bursdag, og derfor var ikkje rosa balongar nok. Rungande bursdagssong ved frukost, middag og dei andre måltida var eit av verkemiddela deira.

Nye venner og bekjente fyllte internatstova denne kvelden, og det vart ein svært hyggelig kveld. Stemninga var god, og kvelden vart lang:)

søndag 30. august 2009

Helgekos på Øytun

Den andre helga på Øytun er omsider over, og eg trur me alle her oppe er enige om at dette var eit svært minnerik helg. På skuleprogramet stod førstehjelp på planen. Dvs alt frå teori til nasty øvelsar i skogen der me skulle yta førstehelp i praksis. Nokre av elevane var markørar og gjekk inn i roller som skada personar og skodespelarar. 4 skikjøyrarar hadde kjøyrt utafor eit stup som gjore at 3 av dei var hardt skadde oppe i fjellveggen, medan den siste hang opp ned med skia bevistlaus i eit tre. Sykkelskadar, brannskadar, drukning, hlr og mykje anna fekk me prøve oss på. Det mest krevjande var vådeskuddsceena me fekk servert. Ei gal jente sprang rundt i skogen med hagle og hadde skutt kjæraste sin og ei veninne. Teaterblod, fake kjøttsår(som såg svært ekte ut) og gode skodespelarargjore sitvasjonane svært intense.


Fredagskvelden var ein fantastisk kveld. Internatet/huset Nullevaret inviterte til bad- taste party. Dårlig klessmak vart framført på ufattlege morosame måtar. Mange gutar såg humoren i å kle seg ut som kvinner i forskjellige variantar denne kvelden. Tvilsome dansar og humor var raskt ein naturlig del av denne kvelden.

Den første elevkvelden føregjekk lørdag kveld. Etter ein hedle tacomiddag haldt personalet eit heftigt show. Temaet for kvelden var den ville vesten, noko mange gutar satt pris på etter den tvilsome festen kvelden før.

Livet er godt her i nord. Mandag morgon skal sekken pakkast på nytt, og elvekajakkpadling i Altaelva står for tur!