onsdag 23. september 2009

Aleinetur på Reipas


Natt til i dag skulle manndomsprøven på Øytun utførast. Alle flyt og mountaineeringselevane gjekk aleine ut på tur tirsdag føremiddag for å overleve eit døgn aleine i skogen. Sekken var pakka med sovepose, liggeunderlag, mat, litt klede og ein pressening. Nordsida av fjellet Reipas var mitt mål for turen. Etter at gapahuken var oppsett, kom ein elgokse trampande forbi og satt middagsmaten bokstavlig talt fast i halsen på meg. Då mørket fall på kom regnet og vinden for å gjere kvelden enda eit hakk verre. På slike turar lærer ein å sette stor pris på senga si heime. Sidan mørket fell på allereise rundt kl 18 om dagen, vart kvelden lang, og kreativiteten vart stor når det kom til å finne på tidsfordriv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar