mandag 1. februar 2010

Hund, topptur, ski og mykje anna vinterkos


Vekene her i Alta har gått enomt fort no etter jul. Toppturar på ymse fjell og humpar rundt Alta, særleg på Sarves har det gått mykje i. Den kaldaste toppturen målte me 28 minusgrader ved bussen før me gjekk oppover fjellet. Naturen er streng i nord, men slett ikkje umulig å forhalda seg til om ein kler seg godt. Mange gode opplevlsar har alle disse turane gitt i mørketidslyset. Himmelen er rød og gul, og det kan ikkje bli stort flottare å være ute på vinterfjellet. Sola er i full anmarsj tilbake, men foreløpig har eg berre fått sett den oppe i høgda.






Denne månaden har det gått mykje i hund og aktivitet rundt dei firbeinte vennane våre på tunet. Snørekjøring på ski og sledekjøyring med større spann har vert svært spennande. Tryning og velting på ski og slede kjem ein ikkje utanom, i den samanheng kan fleire av oss avsløre at vatnet i Altaelva held svært få plussgrader i disse dagar.


For ei tid tilbake hadde me også besøk av Marit Holm og nokre av grønnlandshundane.

Samisk kultur og historie er også noko av det me får servert her oppe. Alt frå slakt, joik, handarbeid og samisk mattradisjon blir me offre for.

Mykje kunne vert skreve og nevnt, men meir har eg rett og slett ikkje tid til å fortelje. I morgon får ferda austover inn i dei djupe finske skogane. I vintersportstaden Levi skal me få mendekjøyring av telemark fram til laurdag frå morgon til kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar