fredag 23. oktober 2009

Travle tider


Dei siste vekene her på Øytun har vore svært så travle, noko som har gjort til at det har vore lite tid til å sitte på pcen å oppdatere bloggen. Mykje har skjedd, og i korte trekk skal eg prøve å få med det viktigaste.

For ikkje så lenge tilbake var det haustferie, og ein liten tur tilbake til vestlandet sto på programmet. Å forlate nordnoge i ferien, skulle snart vise seg å straffe seg. Å komme seg opp at til Alta er nemlege ikkje så enkelt som ein skulle tru. Ei planlagt mellomlanding på 4 timar i Tromsø vart snart til eit døgn då samtlege av wideroe sine knøttsmå reservefly var i for dårleg stand til å kunne frakte oss over fjella til Alta. Det gjeld å sjå det positivet i det, og eg fekk sett meg om i Tromsø og besøkt Joachim :)

Tilbake i Alta bar det rett på 3-dagarstur med flyt til Altaeidet der me skulle stå på ski. Snøen hadde lagt seg tundt frå fjelltoppane og ned til fjøresteinane. Snøkvaliteten var grei, og me fekk ei god skiopplevelse som du bladt anna kan lese om i friflyt. Tiltross for heftige gnagsår vart dette ein ekstremt bra start på skisesongen!

Her er me på veg opp på den første toppuren for sessongen på Lauvasstind, tidleg om morgonen i soloppgangen.

Dagane etter denne turen har blitt brukt på ymse aktivitear her på skulen. Valgfag og fellesfag har dominert timeplanen, og gjort til at det var vert mykje internatkos. Mykje bra kunne blitt nevnt, men for at dette ikkje skal bli ei heil bok, så stoppar eg her.

Havregraut er kvardagsmat til frukost på våre turar. Denne morgonen var det Marthe som var den uthelldige som måtte krype først ut av soveposen for å servere meg og Ida ein varm frukost.

Eg syns foresten det er veldig kjekt å få post! Takk for alle breva eg har fått, og eg låver å svare alle. Adressa mi er for dei som ikkje veit det: Øytun Folkehøgskole, 9518 Alta

1 kommentar: