Den andre helga på Øytun er omsider over, og eg trur me alle her oppe er enige om at dette var eit svært minnerik helg. På skuleprogramet stod førstehjelp på planen. Dvs alt frå teori til nasty øvelsar i skogen der me skulle yta førstehelp i praksis. Nokre av elevane var markørar og gjekk inn i roller som skada personar og skodespelarar. 4 skikjøyrarar hadde kjøyrt utafor eit stup som gjore at 3 av dei var hardt skadde oppe i fjellveggen, medan den siste hang opp ned med skia bevistlaus i eit tre. Sykkelskadar, brannskadar, drukning, hlr og mykje anna fekk me prøve oss på. Det mest krevjande var vådeskuddsceena me fekk servert. Ei gal jente sprang rundt i skogen med hagle og hadde skutt kjæraste sin og ei veninne. Teaterblod, fake kjøttsår(som såg svært ekte ut) og gode skodespelarargjore sitvasjonane svært intense.
Fredagskvelden var ein fantastisk kveld. Internatet/huset Nullevaret inviterte til bad- taste party. Dårlig klessmak vart framført på ufattlege morosame måtar. Mange gutar såg humoren i å kle seg ut som kvinner i forskjellige variantar denne kvelden. Tvilsome dansar og humor var raskt ein naturlig del av denne kvelden.
Den første elevkvelden føregjekk lørdag kveld. Etter ein hedle tacomiddag haldt personalet eit heftigt show. Temaet for kvelden var den ville vesten, noko mange gutar satt pris på etter den tvilsome festen kvelden før.
Livet er godt her i nord. Mandag morgon skal sekken pakkast på nytt, og elvekajakkpadling i Altaelva står for tur!
Svaret var ja, selvfølgelig.
-
Det er stort, fantastisk og spennende: jeg skal få være sammen med den
personen jeg digger mest i hele verden, resten av livet. Han lover å være
der, al...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar