Svaret var ja, selvfølgelig.
-
Det er stort, fantastisk og spennende: jeg skal få være sammen med den
personen jeg digger mest i hele verden, resten av livet. Han lover å være
der, al...
onsdag 16. september 2009
Hulebuaren Robert
Ein månad har gått her i Alta sidan eg kom opp. Tida har gått alt for fort, men på ein måte virkar det som om eg har vert her i lange tider. Alle dei nye gode vennskapa gir oss ein følelse av at me har kjendt kvarandre lenge, noko få av oss egentlig har gjort. Mestparten av dagane har blitt brukt i skogen, i elva og ved havet. Til no har eg hatt fleire dagar i tørr-og våtdrakt enn i vanlege sofisikerte klede. Den siste tida har vert ein svært travel turperiode. Perioden starta med fototur til Gjesvær ved Nordkapp, der me skulle leike turistar å reise på havsafari. I praksis var dette ein lang og kald båtur langs kysten av nordkapp i høg sjø og flatt lys. Her skulle diverse fuglar og sel bli fotografert.
Mange nysjerrige selar kom fram frå sjøkanten for å få med seg kva som skjedde på overflata.
Fiskeørna var og tilstades ved havet.
Neste tur gjekk til Sørøya der me surfa, kita, besøkte grotter, jakta og gjekk/klatra på tur. Her overnatta me 5 netter inni ei grotte som gav oss god ly for vind og regn.
Nokre bilete av reinsdyra her i nord må eg for all del ikkje gløyme. Å sjå reinsdyr her i Finnmark, er meir vanleg enn å sjå ein sau i Hordaland.
Etter at me hadde skremt vekk ei flokk med reinsdyr, kom denne krabaten springande mot meg og poserte nokre minuttar.
No er Robert trøtt og det er på tide å ta kveld. I morgon ventar Altaelva igjen. Her skal det padlast i to dagar før det endeleg er frihelg :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så mange FINE bilder ! :)
SvarSlett