lørdag 5. desember 2009

Russland, Finland og mykje anna...



Den siste månaden har vert såpassa travel og gitt så mange inntrykk og opplevingar at eg rett og slett ikkje har hatt tid til å oppdatere bloggen. Hytteturar, reising, jegerprøve, mange skidagar, kalde netter i telt og farting til Finland og Russland har gjort at vekene har forsvunne alt for fort.



I midten av november var heile skulen til Russland på ei vekes studietur. Dei fyrste dagane vart me inkvarterte i vertsfamiliar to og to hos random familiar i Murmansk. Å komme inn i ein tilfeldig russisk familie er ei stor oppleving som gav mykje lærdom. Russarar flest forstår ikkje eit einaste ord engelsk. Kun ungdomar som veljer å studera språket på vgs og universita klarer å gjere seg forstått. Denne engelskundervisninga vil eg påstå er like god som tyskundervisninga me kan ta på vgs, med andre ord ikkje særleg god. Eg og Marius havna hos ein meir velståande familie med ein gutt på 16 år og foreldra hans. Berre for å ha nevnt det, så var mora profisjonell basketballspelar!


Disse dagane me budde i Murmansk fekk me oppleve Russland frå innsida, noko eg ser i ettertid lærte meg svært mykje. Mange av dei norske fordommane mot russland og folket der viste seg å være svært usanne. Kulturen er ein heilt annan, og kan kort sakt skildrast ved å sei at dei ligger eit par tiår tilbake i tid i forhold til oss her i Norge både når det gjeld økonomi, fasilitetar, klede og spesielt normer i samfunnet. Utenom å sjå oss om i byen besøkte me barneheimar, skular og ein instutisjon for psykisk utviklingshemma.

Etter tre dagar i Murmansk, reiste me til ei lita bygd som heite Lovoserå. Etter middag på ein lite konfortabel kafè vandra me nokre kilometer ut i skogen for å overnatte i soveposane. Russisk turmat, bålkos og ymse aktivitetar gjore kvelden bra. Etter ein russisk havregraut med tyttebær, dill og pølse morgonen etter vandra me tilbake til bygda der me skulle oppsøke litt standar russisk kultur. Kyrkjebesøk og oppvisning av dans, drakter og sang var noko av det me fekk servert i det som dei kalla for kulturhuset.

Turen gjekk viare opp i fjella til vintersportsbyen Kirofsk der booka oss inn på eit typisk russisk hotell, som ikkje akkurat haldt den standaren me er vandt med her i siviliserte vesten. Gamle grafittiteikna murveggar, rotne gangar, muggen lukt, skjeive golv var mellom anna noko hotellet kunne by på. Nokre av elevane var så heldige at dysjen deira var bytta ut med eit stort sirkelforma hol i golvet som førte åpent ned til rommet nedanfor. Ellers fekk me tatt fram telemarksskia og stått to dagar på ski det vesle av annlegget som var åpent. Etter to netter her gjekk ferda viare nordover til Murmansk og Kirkenes der me overnatta ei natt før me kom oss heim til Alta. På vegen fekk mange elevar bada og kost seg på i det kalde vatnet i Bugdøynes, og me var innom eit kongekrabbemottak for å sjå på dei artige krabatane.



Veka etter gjekk turen til Levi i Finland der me sto på ski to dagar. Føret var topp og kvelden vart skjølvsakt brukt til badstu med ymse kalde aktivitetar i snøen.

Vekene etter har gått ufattelig fort. Mørketida gjer dagane svært korte, og dei fleste elvane her ved skulen har mista alt av døgnrytme. Når det er mørk ute nesten heile døgnet, og kun litt skumring i to timar, blir ein slapp og trøtt. Vandreturar og toppturar med stjernehimmel, nordlys, måne og hovudlykt har alikevell vist seg å være svært velsmakande!

Jegerprøven er i boks, det er snart jul og det skal bli godt å komme heim til Hardanger:) Hansa julebrus, heimelaga julekaker, jobb og pinnekjøtt venter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar