søndag 23. august 2009

Ei veke har snart gått i nord!


Søndag morgon, sove frampå og ein deilig frukost med nysteike rundstykker og egg. Ja, livet på folkehøgskule er ikkje så alt for slitsomt. Torsdag til lørdag var me på sykkeltur over orros-fjella som ligg mellom Alta og Kautokeino. Ein god dose asfalt, og ein enda større dose med skog, myr og fjell som skulle bli undelagt to sykkehjul. Punktering, sykkelsalto ned i grøfter, bålkos, vehogst, dans og ikkje minst tafsedansen var ein hitt. Terrengsykling er kort sakt ein idrett eg har rellativt lite erfaring med, noko eg fekk rast konstatert med nokre atrige saltoar over steinar og grøfter. Skulen ligger ca 6km inn i skogen frå Alta, og rundt skulen ligg det kilometer på kilometer med lysløyper som er bygd for terrengsykling og langrenn om viteren. Mykje kunne vært fortalt om denne turen, men mykje vil forbli utsakt.

Øytun, skulen eg går på har over 40 voksne hundar og 27 kvalpar på tunet som me nytter oss av på jakt og transport. Alaska-husky er deira rasenamn, og for dei som har peiling på hund er dette den hunden som er nærast i slekt med ulven. Livlige hundar som ikkje er redd for å lage lyd.

Internatet Haldde er min nye heim. Her bur me 14stk spreke ungdomar, 8 gutar og 6 jenter som deler ei koslig stove og kjøkken. Allereie etter 2 døgn var alt som heite intimgrenser og hemningar forsvunnet innad husets 4 vegga, og folk følte dei hadde kjendt kvarandre lenge. Korleis dette kjem til å være i mai tørr me nesten ikkje tenkje på. Statistisk sett får over 40% av elevane på Øytun seg kjæreste i løpet av året, så me har mykje spennande å sjå fram til!

No er det tid for å vaske kled og komme seg ut i skogen for å sykle! Meir bilder er å finna på facebook på sikt :=)

2 kommentarer:

  1. Høres ut som du har det bra Robert ! Blir kos å følge bloggen din ;)

    SvarSlett
  2. hav fun nise blog

    http://team-insurance.blogspot.com/

    SvarSlett