Nok ein gong har eg bestemt meg for å starte opp ein blogg, der innlegg for ei gongs skuld skal komme litt regelmessig. Mandag reiste eg frå min trygge heim på vestlandet for å buette meg i Alta for å gå på Øytun folkehøgskule. Reisa gjekk fint, med visse unntak. Etter innsjekking på Flesland, med ikkje mindre enn 43kg overvekt til ein prislapp på drøye 2000kr, kunne eg endelig komme meg på flyet. Etter mellomlanding på Gardermoen og ei lengre flyreise til nordover, landa me på den korte flystripa i Alta med den kraftigaste nedbremsinga eg har kjendt i mitt liv. Flyet var stort sett fullt opp av forventningsfulle folkehøgskuleelevar med ekstreme mengder bagasje, som gav sjølv SAS hovudbry. Ein finsk taxi- sjåfør plukka meg, Marius, Yngve og Stian opp i ein minibuss, som vart stappfull av ski, syklar og bagasje. Ein ganske artig taxitur med omvisning på Pirka- finsk/norsk i gjennom Alta satt medsmak.
Første dagen vart brukt til sykkeltur til Alta city for å sjekke ut ka som fins her. Dørskilt, Grandis, Urge og matboks vart innskaffa!
Her bur eg :)
God natt!
heisann hoppsan dette så knas ut , gleder meg til å følge bloggen din Robert!
SvarSlett